Bokomtale

Nordisk Østforum | 36, : 155157 | ISSN 1891-1773

Ett år i Belarus: Røster inifrån en folkresning

Ida Börjel & Mikael Nydahl (red.)
Stockholm: Atlas 2021
287 sider. ISBN 9789174450019

Image

©2022 Martin Paulsen. This is an Open Access article distributed under the terms of the Creative Commons Attribution 4.0 International License (), allowing third parties to copy and redistribute the material in any medium or format and to remix, transform, and build upon the material for any purpose, even commercially, provided the original work is properly cited and states its license.

Citation: (). Ett år i Belarus: Røster inifrån en folkresning. Nordisk Østforum 36, 155157.

Det er ei merkeleg kjensle å skrive ei bokmelding om boka Ett år i Belarus på eit tidspunkt når verda som vi kjente ho, ikkje lenger eksisterer. Det politiske opprøret i Belarus hausten 2020 hadde all vår merksemd og kjentes på det tidspunktet som det viktigaste som hadde skjedd i denne delen av verda på mange år. No har Belarus hamna i skuggen av langt alvorlegare hendingar i nabolandet Ukraina.

Boka Ida Börjel og Mikael Nydahl har redigert er sett saman av deira forord, tekstar frå 14 belarusiske samtidsforfattarar, to anonyme bidrag og eit etterord av tidlegare ambassadør for Sverige til Belarus – Stefan Erikson. I tillegg er kvar belarusiske forfattar presentert av ein svensk kollega.

Kvar forfattar utgjer eit oppslag i boka, men bidraga er høgst ulike. Nobelprisforfattar Svetlana Aleksijevitsj er representert med eit digitalt intervju Johan Öberg gjorde med henne for bokmessa i Göteborg. Andre forfattarar har med essay, dikt, dagboknotatar, utdrag frå skodespel osb.

Kvart oppslag er akkompagnert av ein liten forfattarpresentasjon skrivne av svenske forfattarar eller litteraturarbeidarar. Desse introduksjonane fungerer som ei fin kontekstualisering av forfattarskap som kan vere ukjente for skandinaviske lesarar, men gjer ofte òg fine, små avstikkarar inn i den politiske og kulturelle konteksten for boka.

Forordet oppsummerer det politiske opprøret i Belarus frå sommaren 2020. Sjølv hadde eg nok i større grad sett for meg ei innføring i belarusisk samtidslitteratur og eit forsøk på å plassere dei utvalde forfattarane i ein større, litterær samanheng. Etter kvart som eg las boka innsåg eg kvifor forordet likevel var heilt passande. Tekstane står så sterkt i seg sjølve, at det ikkje er naudsynt med noko innføring. Det som er naudsynt for å forstå boka, er ­kor viktig dei svensk-belarusiske kulturelle relasjonane har vore for at ei slik bok skulle kunne verte ein realitet i det heile. «Vår impuls har varit solidariteten. Vårt material litteraturen», skriv redaktørane (s. 29). Denne solidariteten er eit resultat av dei tette banda mellom svenske litteraturmenneske og deira belarusiske kollegaar, som kjem så tydeleg til uttrykk i dei mange forfattarpresentasjonane gjennom boka. Dei inneheld fortellingar om møte i Minsk, kulturelle samarbeidsprosjekt og lange venskap.

Desse relasjonane er ikkje berre grunnlag for solidariteten, historia med samarbeid mellom belarusiske og svenske litteratar har samstundes vore heilt avgjerande for at det skulle vere mogleg å velje ut og omsetje alle dei tekstane som har kome med i boka – å utnytte potensialet i det litterære materialet. Boka Ett år i Belarus er dermed eit døme på kor utruleg viktig det er å satse ressursar på å byggje opp kontaktar og språkkompetanse på tvers av landegrensene. Plutseleg ein dag kjem det situasjonar som den vi såg i Belarus hausten 2020, kor informasjonstrongen i den breida allmenta er umetteleg og kor dei kulturelle kontaktflatene og kompetansen er meir naudsynt enn nokon gong. Ett år i Belarus er eit døme på at svensk litteratur var godt budd på å ta dette ansvaret då situasjonen krevde det.

Utvalet av forfattarar og tekstar syner at redaktørane har inngåande innsikt i den belarusiske samtidslitteraturen. Svetlana Aleksijevitsj har ein posisjon internasjonalt som gjer at eit intervju med henne vekker interesse, men eg opplever eigentleg at dei skjønnlitterære bidraga er meir interessante. Mange av dei inkluderte forfattarane har sentrale posisjonar i belarusisk samtidslitteratur og spelte viktige roller i den kulturelle delen av folkeopprøret hausten 2020. Dessutan er mange av tekstane blant dei som vil verte ståande att som nøkkeltekstar frå denne historiske augneblinken.

Eit godt døme på dette Julia Tsimafejeva. I Ett år i Belarus er ho representert med tre dikt og eit utdrag frå boka Dagar i Belarus. Dei tre dikta vart publiserte i diktsamlinga Rot («Munn») berre nokre dagar før presidentvalet i august 2020. Her klarte Tsimafejeva å fange opp den stemninga som prega landet umiddelbart før den omveltinga som skulle få så mykje oppmerksemd over heile verda. Diktet «Rädslans sten» er eit sterkt døme på kor definerande redselen er for belarusarane. Tsimafejeva kroppsleggjer redselen, held han fram som ein del av DNA-et til belarusarane. Meir enn ein observasjon som fangar eit tidspunkt er diktet ein analyse av ei stemninga som har gjennomsyra livet til belarusarane i tiår. På det viset klarer Tsimafejeva å gjere det tydeleg for oss kva grad av mot belarusarane måtte hente fram for å gå ut i gatane og protestere i dei månadane som følgde.

Boka er full av slike sterke observasjonar og refleksjonar. Alhierd Bakharevitsj sitt essay om fascismens retur til Europa er eit anna døme, som berre vekkjer enda større uro når vi no er vitne til den vidare utviklinga i Russland. Dikta frå Hanna Komar, Dmitrij Strotsev og andre dokumenterer hendingane utover hausten 2020 i presise, korte blinkskudd, frå gatene, gardsplassane og fengselscellene.

For oss som har følgd utviklinga i Belarus gjennom fleire tiår, er Viktar Martsinovitsj sitt essay «Om allt är förbjudet» eit sterkt døme på kor mykje verre situasjonen no har vorte. Belarus har vore eit land prega av undertrykking i mange år, men Martsinovitsj sett ord på vendinga. Før fanst det luftlommar i samfunnet kor kulturen kunne overleve, men «Det som pågår nu är ett experiment i totalt andningsstopp. Ett fullstendig förbud mot allt» (s. 230).

Undertrykkinga av det belarusiske sivilsamfunnet er i dag overveldande, og biografien til bidragsytarane syner at mange av dei no er å finne på andre plassar enn i heimlandet. Ett år i Belarus framstår difor i stor grad som eit tidsbilete på ein historisk fase som er forbi. Men for eit tidsbilete! Börjel, Nydahl og alle medhjelparane deira har synt oss at den belarusiske litteraturen i dag er breiddfull av forfattarar som dokumenterer og definerer den tida vi lever i. Stor takk skal dei ha for det.