Bokomtale

Nordisk Østforum | 32, : 141142 | ISSN 1891-1773

En motorcykeltur gennem Russland til Stillehavet. På sporet af Vitus Bering

John Andersen
København: Gyldendal 2018
302 sider. ISBN 9788702211948

©2018 Ø. Nordsletten. This is an Open Access article distributed under the terms of the Creative Commons Attribution 4.0 International License (), allowing third parties to copy and redistribute the material in any medium or format and to remix, transform, and build upon the material for any purpose, even commercially, provided the original work is properly cited and states its license

Citation: () «En motorcykeltur gennem Russland til Stillehavet. På sporet af Vitus Bering», Nordisk Østforum 32, 141142.

Om det kanskje ikkje kan kallast ein eigen sjanger, er det ikkje sjeldan at det kjem ut bøker der forfattaren har reist i fotspora eller kjølvatnet til kjende oppdagingsreisande og eventyrarar. Naturleg nok vil det gjerne handla om korleis dei stadene ein fer fram gjennom, ser ut nå, samanlikna med det som ein gong var. Døme på det er boka frå nokre år tilbake som fortalde om korleis det i dag er å reisa med tog gjennom Russland til Kaukasus slik Knut Hamsun gjorde i 1899. Ein av nåtidas største polfararar, Børge Ousland, samla likeins i bokform inntrykka frå då han på ski og med kajakk tok seg fram til Frans Josefs land langs den ruta Fridtjof Nansen og Hjalmar Johansen fylgde etter at dei to på vel 86 grader nord i 1895 måtte gje opp forsøket på å nå Nordpolen.

Ei bok av dette slaget er òg den danske John Andersen si høgst underhaldande og sjarmerande skildring av turen sin på motorsykkel gjennom Russland og Sibir, der han, så langt det let seg gjera, freistar å halda seg nær den ruta den danskfødde Vitus Bering fylgde då han av Peter den store i 1725 vart sett til å leia den fyrste store Kamtsjatka-ekspedisjonen. Oppdraget til Bering var fyrst og fremst å finna ut om Sibir og det euroasiatiske kontinentet var landfast med Amerika og utforska den russiske Stillehavskysten. Etter ei treårig ytst strabasiøs og farefull ferd gjennom sibirsk taiga, opp og ned store elvar og i stadig strid med lokale styresmakter, nådde han mot omtrent alle odds fram til Okhotskhavet. Der bygde dei to skip og segla nordover. Bering såg aldri Alaska og Nord-Amerika, men fann likevel nok prov på at det ikkje var samanheng mellom dei to kontinenta. Det vel 80 km breie stretet som i dag skil Amerika og Asia, USA og Russland, har sidan bore hans namn.

John Andersen er ingen nykomar som reisande i ukjent terreng og farvatn. Han har padla kajakk rundt Grønland og gjennom Nordvestpassasjen og køyrd motorsykkel gjennom Mongolia og Sentral-Asia. Han veit kva han gjer, og han baserer seg, slik Roald Amundsen alltid poengterte, aldri på hell og slumpelukke, men på nitid førebuing og planlegging. Han kan ikkje russisk, men sjølv om han har god hjelp av omsetjingsfunksjonen på smarttelefonen, er det evna hans til å kommunisere og kome i kontakt med folk som gjer at han alltid greier seg, sjølv når ulukka råkar og alt flokar seg til. Andersen er optimist. Om han kan ein – på same vis som det vart sagt om den kjende norske polarfararen Otto Sverdrup – trygt slå fast at han «aldri var rådlaus». I tillegg har Andersen openbert den viktige evna til å improvisere, ein dugleik som òg i høgaste grad karakteriserer dei sibirjaki som han treffer, så vel som russarar ålment. I dag kan du reisa med luksustog gjennom Sibir og Sentral-Asia. John Andersen gjer ikkje det. Når han ikkje køyrer på Hondaen sin, reiser og bur han slik vanlege folk gjer, sjølv om det tek lang tid og han i timesvis må høyra på hardrock med full lydstyrke i ein liten buss som køyrer i 100 km i timen på dårlege vegar med minimal sikt skulda skogbrann og skodde.

Det er ikkje minst dette som er sjarmen med boka, og Andersen fortel endeframt om det mylderet av vanlege menneske som han treffer på sin veg. Det hjelper nok at han har eit offisielt brev om prosjektet i Berings fotspor, men fyrst og fremst er det nok evna hans til å få folk i tale, sjølv om ein ikkje snakkar same språk. Boka er rikt illustrert med Andersens eigne foto. Både folk, landskap og ulike fenomen som han møter, liver opp framstillinga. Det vert, om du vil, ei særeiga form for det som i sovjettida blei kalla «bytovaja proza».

Andersen har knapt hatt vitskapelege pretensjonar med boka, ho framstår i hovudsak som ein reportasje om motorsykkelturen. Parallelt er boka ispedd opplysningar om Vitus Berings ekspedisjon, gjerne i form av lengre sitat frå nedteikningar, gjort av ein av leiarane på ekspedisjonen, sjøkadett Petr Tsjaplin. På dette viset kjem ein motiv og ambisjonar for dåtidas russiske «Drang nach Osten» nærare inn på livet. Kanskje kunne ein ha venta at forfattaren her ville teke med nokre tankar om den auka merksemd og satsing som Sibir i dag vert til del frå russiske styremakter si side, men dette tema let han liggje. I det heile er boka omtrent fri for politikk, og i den grad slike emne kjem på bane, er det gjerne i form av sitat frå andre kjelder. For underteikna er dette likevel ikkje noko vesentleg problem, då boka har andre føremål enn politisk analyse.

Kva måtte det vera å utsetja på innhaldet? Jau, nokre gonger kan framstillinga verta vel dagbokaktig med utelating av subjektet og oppramsing av typen «så hende det, og så skjedde det». Nokre feil i attgjeving av russiske ord og vendingar dukkar òg opp. Dette vert likevel bagatellar. Les du «På sporet av Vitus Bering» og fylgjer John Andersen på hans originale motorsykkelferd gjennom Sibir, vil du få eit interessant og levande blikk inn i russisk daglegliv anno 2016. I lag med han kan du samstundes gjenoppleva den store bragda dansk-russaren Vitus Bering utførde for snart 300 år sidan.